Kjetil Wæhler og Arve Uglum leverer varene i den åttande episoden av podkasten Radl om badl.
Det er ei glede å ønskja velkomen til den åttande episoden av Radl om badl. Temaet i denne episoden er at det er ingen grunn til å frykta 40-åra. Dagens gjester er prakteksemplar på dette.
Kjetil Wæhler har bakgrunn som profesjonell fotballspelar i Norge, England, Sverige og Danmark. Han har spelt cupfinale i tre land, blitt mestar i to av desse, han blei seriemeistar med Vålerenga i 2005, har 32 landskampar for Norge og har vore med på å slå Tyskland i Tyskland. Han er kanskje landets best trente 41-åring, har over 5000 følgjarar på twitter, og er truleg den signeringa i årets eliteserie som har hatt størst betydning for sitt lag.
Arve Uglum er ikkje mykje dårlegare. Kaupangers store son har vore journalist i Årdal og Lærdal Avis, han har i ei årrekkje vore ein profilert journalist i NRK Sogn og Fjordane, han har blant anna dekka VM i fotball, og er forfattar av boka Grautmål. Han er programskapar av den populære tv-serien fjellfolk, og størst av alt: Han er mannen som tok over etter Oddgeir Bruaset som programleiar for «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Denne karen har respektable 1769 følgjarar på twitter, og til likskap med Wæhler har han eiga wikipedia-side.
Podchaser is the ultimate destination for podcast data, search, and discovery. Learn More